Indremisjonen utfordrar NRK-reporter

– For meg som er oppvaksen i gamal bedehustradisjon, så vart eg overraska, seier kultrmeldar Hans Jakop Reite i NRK om sitt møte med Sogndal Indremisjonsforsamling.

– Eg innrømmer at eg på veg innover til Sogndal såg på Indremisjonen som noko gammaldagse greier. Men eg vart møtt av ein moderne og oppgåande organisasjon, fortel Reite på sin blogg «På scenekanten«.

Her har han med både tekst og lyd ord skildra sitt møte med indremisjonsforsamlinga i Sogndal.

– For meg som er oppvaksen i gamal bedehustradisjon, så vart eg overraska. Eg rusla meg opp trappene, og lurte på om alt var forandra.

Helsa velkomne.
Men han kom fort tilbake til «barndommens bedehus», fortel han og kjente att både kultur og tradisjon.

– Her vert ein helsa personleg velkomen. I neven. Alle vert sett. Her er personlege vitnesbyrd. Her lever frimodet vi lærde på søndagsskulen, skriv han og fortel begeistra om sitt møte med musikken – som rett nok var av vekslande kvalitet.

– Men songen hadde glød. Ditte var ekte vare.

Frimod.
Preika var han derimot litt forundra over.

– Det var allmenne ord om tilgjeving, ting ein verdsleg kultarmeldar på bakerste benk kan ha nytte av som ein som trur han er på veg til himmels.

Det som likevel imponerte han mest, var frimodet og aldersblandinga.

– Her ser dei den enkelte.

Moderne kollekt.
Imponert var han også over tolketenesta i forsamlinga og av dei «nymotens kollektar» via kortautomat.

– Her var det eg som var utgått på dato, erkjenner NRK-mannen, som skryt stort av formann Tom Salte.

– Han er ein raus kar som deler av sine erfaringar. Han er mild i forma, men tør å utfodra. Tenk å leggja møta til klokka elleve, i kyrkjetida. Sjølv ikkje Sogndal fotball hadde turd det, å leggja ein cupkamp i konkurranse med Stedje-kyrkja.

– Når Tom Salte preikar om Jesus så gjer han det på effektiv jærbudialekt. Og i Sogndal indremisjon der er han definitivt ein rettvendt og utfordrande spiss.

Du kan lesa og høyra heile anmeldinga på Reite sin blogg.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.